Det seier Katrin Blomvik, direktør for Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Ho har fått med seg protestane til gardbrukar Anders Fretheim i Flåm, der han har skrive «No cruise ships» på rundballar. Han meiner skipa forureinar både gjennom røykutslepp og høge passasjertal.

Ministervisitt

– Eg har ikkje registrert liknande protestaksjonar i Geiranger. Men det kan vere fordi vi jobbar aktivt med problemstillinga gjennom «Grøn Fjord 2020», trur Blomvik.

Ho er prosjektleiar for samarbeidsrørsla, som arbeider for å ta vare på og utvikle verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland på ein miljø- og klimavenleg måte.

Ho ser fram til at klima- og miljøminister Tine Sundtoft kjem til Geiranger i september, slik at dei kan formidle sine tankar om korleis nå visjonen om sporlaus ferdsel i verdsarvområdet. Og ikkje minst kva som må gjerast nasjonalt for å betre situasjonen for fjordlandskapet.

Jens Frølich Holte, politisk rådgivar (H) i klima- og miljødepartementet, er klar over miljøutfordringane i verdsarvområdet.

– All aktivitet har ei miljøbelastning, seier Holte. Han ser at det kan vere vanskeleg å finne balansen mellom verdiskaping og det å leve opp til turistanes forventningar om reine fjordar og vill natur.

Turisttalet aukar

I løpet av 2014 vil 206 cruiseskip ha besøkt Geirangerfjorden. Det er sju fleire enn året før, då rundt 315.000 cruiseturistar vitja attraksjonen.

I eit arbeidsnotat til forstudie om felles cruisestrategi for vestlandsregionen, peikar dei på problemet med utslepp av eksos, spillvatn og store mengder avfall frå cruiseskip. For nokre reisemål er overfylte turistattraksjonar og trengsel i ferd med å bli eit problem.

Av mulege strategiar for å gjere cruiseturismen meir berekraftig, vert det foreslått passasjeravgift for cruisepassasjerar og øvre grense på passasjerar og skip i kvar hamn. Geiranger har ei øvre grense på 5.000 cruisegjestar per dag.

Miljøsatsing

– Vi ser med spenning fram til at vestlandsfylka skal legge fram sin strategi for cruiseturisme. Nasjonen Norge burde også ha ein slik strategi. Eg vonar det kan harmonere godt med eit naturbasert og berekraftig reiseliv for framtida, uttalar Blomvik.

Som ein del av samarbeidsrørsla «Grøn Fjord 2020», arbeider Geirangerfjorden og omland med ulike prosjekt knytt til klima- og miljøvennleg ferdsel. Norge har over tid satsa sterkt på utrulling av elbilar. Kanskje kan ein få til liknande insentivordningar også innanfor cruisenæringa og maritim skipsnæring, foreslår Blomvik.

Ho trur at ein gjennom bruk av grøn, framtidsretta skipsteknologi kan ta ut ny og spennande verdiskaping som ligg i næringa på ein berekraftig måte.

– Norge burde ta ei klar førarrolle i ei slik retning.

– Bør setje krav

Fylkesleiar Øystein Folden seier at Naturvernforbundet har tatt opp problematikken knytt til cruisenæringa, både generelt og spesielt i Geiranger.

– Vi har antyda at ein bør setje krav til skipa som skal sleppast inn i fjorden, og stengje ute dei skipa som har dårlegast forbrenningsteknologi. Nye cruiseskip har vesentleg betre teknologi når det gjeld å redusere utslepp.

Å kople cruiseskipa til landstraum, er éi løysing. Men når eitt fartøy bruker straum som ein landsby, er han redd det ikkje er realistisk i Geiranger.

Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom, meiner det bør bli dyrare å forureine.

– Det er dessutan ingen som vil dra til ein fjord full av forureining. Det er nettopp reinheita i den norske naturen dei besøkjande søkjer.

Katrin Blomvik under årets Grøn Fjord 2020-konferanse i Geiranger. Foto: Terje Engås
Klima- og miljøminister Tine Sundtoft vitjar Geiranger 10. september. På agendaen står cruisetrafikk, og berekraftig verdiskaping basert på natur- og kulturarv. Foto: Pressefoto