– Leigekontrakten for dei noverande lokala går ut i mars, og vi må flytte produksjonen før den tid, seier Odd Arne Dalsegg, konsernsjef i Grilstad AS.

Han forklarer at Tind sin merkevareproduksjon av spekemat vil bli flytta til Grilstad sin fabrikk på Stranda, tidlegare Stranda spekemat, medan anna produksjon frå Tind delvis blir flytta til Grilstad sin fabrikk på Ranheim i Trondheim.

Gjev plass

– Arbeidet med å rydde plass til Tind er i gang, stadfestar konsernsjefen – og fortel at det kjem til å bli ein glidande overgang for å halde produksjonen i gang.

Tind Spekemat har i dag 29 tilsette. Odd Arne Dalsegg kan ikkje garantere at alle får jobbe i bedrifta etter flyttinga.

– Det kan bli nokre overtalige. Men dette er noko vi køyrer ein prosess på no saman med våre tillitsvalde, legg konsernsjefen til.

Dalsegg seier at det likevel er klart at ein stor del av dei tilsette ved Tind framleis vi ha arbeidsplassen sin på Stranda.

Møbel-bygg

Eigentleg var det planen at Tind skulle inn i den gamle Brunstad-fabrikken på Stranda. Men då arbeidet med å finne nye eigarar tok til, vart desse flytteplanane lagt på is.

Brunstad-bygget er heller ikkje gjort klart for å huse ei spekematbedrift.

Historia til Tind går ti år tilbake i tid. Då spekematprodusenten Spis i 2006 valde å flytte produksjonen frå Stranda, vart Tind Spekevarer AS etablert – med ein stor del av dei Spis-tilsette som medeigarar og Bjørn Petter Ringstad som hovudaksjonær.

Tind Spekemat kan likevel trekke historia tilbake til Ringstad sin farfar som i 1884 starta den første handverksbedrifta med spekematproduksjon på Stranda.

Meir musklar

– Dersom vi skal klare å utvikle oss vidare og ta den plassen i marknaden som vi fortener, så treng vi meir musklar. Det fann vi hos naboen vår, Grilstad, den største spekematprodusenten i Norge.

Det fortalde Bjørn Petter Ringstad til Sunnmørsposten i september, då det var klart at Grilstad tek over bedrifta.

Tind Spekemat omsette i fjor for 84,4 millionar kroner. Grilstad omsette for 1,7 milliardar kroner.

EIGARSKIFTE: Bilete frå då Grilstad tok over Tind. Frå venstre hovudaksjonær i Tind, Bjørn Petter Ringstad, og konsernsjef Odd Arne Dalsegg i Grilstad AS. Foto: Privat