– Eg går tur når eg kan. Før jobb om morgonen, til eksempel, seier Jannike Madsen, på spørsmål om korleis ho har klart å gå 255 turar til 53 ulike turmål sidan konkurransen starta 1. mai.

Konkurransen starta i Ålesund og omland i mai, etter same modell som har vore i Nordmøre og Romsdal i mange år, og varer til 31. oktober. 2572 brukarar har registrert 23 969 turar, og talet aukar dag for dag, skal vi tru dagleg leiar for Friluftsrådet i Ålesund og omland, May Britt Haukås.

– Vi syns dette er ein fantastisk suksess som visar at Stikk UT er ein sterk motivasjonsfaktor for å kome seg ut på tur, og eit viktig bidrag i folkehelsearbeidet, seier ho.

Tretindanibba

Jannike Madsen frå Skodje meiner konkurransen har vore ein god motivasjon til å kome seg meir ut, og til å finne nye turmål.

Den aller tøffaste turen på lista vart gått denne helga, av Silje Sandøy Grønning og Margareth Lossius Bjerke frå Valldal. Det var turen opp Tretindanibba i Norddal.

– Vi likar jo å ha litt utfordringar, seier Silje Sandøy Grønning.

Ho meiner konkurransen har hjulpe på motivasjonsfaktoren, men seier ho foreløbig har heldt seg til turar i nærmiljøet.

– Her i Norddal har eg gått fem av turane på lista, seier ho.

Grønning seier det er kjekt å oppdage nye turar i distriktet.

– Så får vi sjå kva mei det blir etter kvart.

Sjå heile topplista til Stikk UT Ålesund og omland her.