Les meir om denne saka i papirutgåva av Sunnmørsposten laurdag

Det planlagde vegsambandet mellom Koparnes/Bjørlykke og Skredestranda over Rovdefjorden har ein nytteverdi tilsvarande 41 millionar kroner.

Det viser ein nyttekostnadsanalyse frå Transportøkonomisk Institutt (TØi).

Rapporten tek utgangspunkt i ein berekna kostnad på 782 millionar 2010-kroner, medan nytteverdien for trafikantar ved spart reisetid og ferjebillettar er rekna å utgjere 812 millionar kroner.

– Ein fantastisk nyheit og ein flott julepresang for oss, seier styreleiar Magne Løvoll i Rovdefjordbrua.

Les også: Fødekutt fordrar ny fjordkryssingLes også: Rovdefjordbrua får drahjelp

Treng øysamband først

Vanylven har slitt med negativ folkevekst, og mange har eit håp om at ei slik fjordkryssing kan snu den trenden.

Men instituttet påpeiker at det er ein føresetnad for at reknestykket skal gå i hop, at Sande Fastlandssamband kjem på plass før Rovdefjordbrua vert bygd.

Dersom fastlandssambandet til Sandsøya, Voksa og Kvamsøya ikkje kjem på plass, vil Rovdefjordbrua avløyse ferjene Årvika og Koparnes og Åram-Larsnes, medan Åram-Voksa-Kvamøya består.

Følg smp.no på Facebook

Bompengar?

Det vert vidare påpeika at Rovdefjordbrua truleg ikkje vert lønnsam om det vert ein bompengefinansiering av prosjektet.

Det er nettopp planen, men verkar ikkje å uroe styreleiar Løvoll.

– Vi kjenner oss sikre på at rapporten er såpass nøktern at prosjektet på fleire punkt vil vere meir lønnsamt, svarar han.

Han viser då til at instituttet har nytta eit 25-års perspektiv framfor 40 år slik det er føreslått av Hagenutvalget, at det er rekna med kortare ferjeturar enn dei verkeleg er - samt at det ikkje er rekna med ei eventuell nytte av Hafast-samband lengre nord.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Trafikkauke

Rapporten peiker óg på at det er fleire usikre moment, og at det er lite som skal til for at det vert ein anna konklusjon.

Usikkerheita dreiar seg i stor grad til utrekninga av trafikkauken. I rapporten vert det rekna med at trafikken vil auke frå 288.000 køyretøy frå 347.000 om Rovdefjordbrua opnast som planlagd i år 2021.

Det vert til slutt påpeika at eventuelle endringar i trafikktala i liten grad rokkar ved konklusjonen i rapporten - og at analysen slik sett er robust.

Rapporten frå Transportøkonomisk Institutt viser ein samfunnsmessig nytte med knapp margin.