Tiltalte erkjende straffskyld på alle tiltalepunkta då rettssaka starta måndag. Tysdag forklarte mannen seg for tingretten.

– Eghar innsett kva eg har gjort, og eg ser at det skulle vore ugjort. Det er ikkjenormalt og eg angrar mykje. Eg skulle ønske at eg kunne gått tilbake i tid, fordette er ikkje bra, sa tiltalte då turen var komen til forsvararensi utspørjing.

Tiltalte la til at han aktivt søkjer om å få hjelp.Forsvararen spurde også om det var noko han ville legge til: – Overfor offera vil eg beklage så mykje. Eg angrar veldig, sa tiltalte.

Følg smp.no på Facebook

Aktor starta

Tysdag morgon starta han forklaringa si, med utspørjing frå aktor i saka, statsadvokat Jogeir Nogva.

Stedottera til tiltalte fortalde om alvorlege overgrep då ho forklarte seg for retten måndag. Aktor ville vite om ho snakka sant.

– Ja, svarte tiltalte.

Han la til at han ikkje før har tenkt at handlingane hans gjekk ut over offera. No ser han at det har gått hardt inn på dei.

– Tidlegare var eg ikkje vaken for å sjå kor gale det var. I ettertid, når eg har site mykje for meg sjølv og tenkt, har eg skjønt at eg ikkje skulle ha gjort det. Eg angrar, sa tiltalte.

Han sa også at barn skal kunne stole på vaksne.

Sletta alt

– Tenkte du at det var gale og ulovleg, spurde aktor.

– Innerst inne så låg det i bevisstheita mi, svarte tiltalte i forklaringa.

– Eg fekk telefon frå kona om at politiet hadde kome på døra, fortalde tiltalte.

– Kva tenkte du då? Skjønte du kva det dreia seg om, ville aktor vite.

Då han snakka med kona si igjen, sa ho at han ikkje måtte slette bilda, men då hadde han alt gjort det.

Reiste på jobb

Politiet gav han melding om at han kunne reise vidare på jobb, men måtte kome tilbake.

Etter at tiltalte var ferdig på jobb, reiste han til politistasjonen. Kona var tolk i avhøyr hos politiet.

Kona til mannen sit også på tiltalebenken, men ho nektar for å ha hatt kjennskap til det mannen har tilstått å ha drive med.

Starta tilfeldig

Nogva ville vite korleis kona hadde reagert på at politiet kom på døra.

– Ho fekk sjokk, for ho visste ikkje noko om det, sa tiltalte og la til at det same hende då ho fekk sjå bilda på politistasjonen.

Tiltalte hevda i retten at han kom tilfeldig inn på ei russisk bildedelingsside med overgrepsbilde av barn.

Det var ikkje slike bilde han var ute etter, men på nettet vart han interessert, og tent, og fekk lyst til å prøve det han såg. Utpå hausten 2011 skal han ha begynt å søkje på denne sida.

Tenkte det var gale

Ifølgje tiltalen er det funne 79.000 bilde og 293 filmar med totalt 31 timar varigheit som inneheld framstillingar som seksualiserer barn. Bildematerialet er lagra blant anna på mannen sin pc og telefon.

I retten kom det også fram at tiltalte chatta på nett med andre om diverse seksuelle handlingar og utveksla bilde han sjølv hadde teke av eigne barn.