I Sentio Research si undersøking om kommunesamanslåing på Sunnmøre så merkar ørstingane seg ut som positive til kommunesamanslåing og særs positive til voldingane. Same svara får Sunnmørsposten i prat med enkeltpersonar på eit kjøpesenter i Ørsta og mellom nokre Åmdalskarar som er vande med å løyse verdsproblem rundt eit kafebord.

Dei er også einige om samanslåing med Volda. Unntatt ein.

- Kommunesamanslåing er det største tøv. Det vil berre lage meir utkantar, seier han.

Og møter heftig motbør.

- Ørsta og Volda er alt eitt. Og om dei slo seg i lag, så ville ein fått vekk nokre byråkratar.

- Nei, smått er best. I større kommunar mister ein kontrollen.

Han vil ikkje gi seg, men får slett ikkje gehør.

- Det har vorte barn mellom Ørsta og Volda før. Og det har gått med dei. Iallfall dei fleste, flirer dei andre.

Sjekk kven folk i di kommune vil vere saman med

Ikkje utover

Namn vil dei ikkje oppgi. Bilde også er dei skeptisk til, men aller mest skeptisk er dei til å slå seg i lag med øyane utanfor Eiksundsambandet.

- Heller sørover mot Hornindal og Stryn.

- Kvifor ikkje Ulstein og Herøy og utover, då?

- Kvifor vi skal det? Der er så mykje pengar der ute at dei hadde ikkje fått dei innigjennom Eiksundtunnelen likevel.

Dei haukar og ler, men temperaturen stig.

- Heng det saman med Hafast at de ikkje vil utover?

- Hafast vert ikkje noko av uansett, men kva når det er slutt på oljen? Då er det ikkje så mykje å samle på dissa der ute.

Ørsta+Volda=sant

Karane er også einige om at heile Søre vert for stort og uoversiktleg.

- Nei, det er Ørsta og Volda som høyrer i hop.

76 prosent av dei spurde ørstingane svarer at dei er positive til samanslåing med ein eller fleire av nabokommunane. Men når dei 21 prosenta som ikkje ønskjer samanslåing vert utfordra på kven dei vil velje om dei vert tvungne til samanslåing, så endar ein opp med til saman 94 prosent som seier Volda.

Voldingane er ikkje like ivrige, men ligg heller ikkje langt unna. 63 prosent er positive til samanslåing, og når dei som ikkje vil vert tvinga med, så endar ein på 86 prosent som seier Ørsta. Slik vert Ørsta/Volda på topp i denne undersøkinga av kommunar med gjensidige val.