Det går fram av eit forslag til uttale som fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik legg fram for fylkesutvalet i dag.

Fylkestinget gav tidlegare denne månadene fylkesutvalet fullmakt til å forme ein uttale i høve statsbudsjettet.

Kostnadsauke må kompenserast

Fylkesrådmannen viser til at nye kontraktar for drift av fylkesvegferjene viser ein auke i kostnadene på mellom 40 og 50 prosent dei neste åra. Stor trafikkvekst krev større og fleire ferjer, og prisregulering av ramma løyser ikkje desse utfordringane. I statsbudsjettet for 2015 er det ikkje foreslått styrking av fylkesvegferjedrifta.

Fylkesrådmannen peikar på at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje kjem til å klare å innpasse denne auka kostnaden utan at rammetilskotet frå staten aukar tilsvarande. Og i forslag til uttale heiter det at fylkeskommunen forventar at kostnaden med nye anbod i fylkesferjedrifta vert kompensert fullt ut av staten.

Nasjonal ferjestandard

Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er stort behov for ein nasjonal ferjestandard. Dette er nødvendig for å kunne gje eit føreseieleg ferjetilbod. Fylkesrådmannen tek til orde for at staten skal samarbeide med fylkeskommunane om utarbeiding av ein ferjestandard som gir klare signal om kva trafikk som utløyser auka kapasitet i dei ulike sambanda.

Ferjeavløysingsordning

Fylkesrådmannen viser også til at i forslag til statsbudsjett vert det vist til at saka om ferjeavløysingsordning for fylkesvegferjene først vil bli vurdert i kommuneproposisjonen for 2016. Fylkesrådmannen tek til orde for at ei utgreiing av ei ferjeavløysingsordning for fylkesvegferjer innanfor inntektssystemet må følgjast opp snarast. Og han tek til orde for at saka kjem så raskt til Stortinget at realiseringa av Nordøyvegen ikkje vert utsett.

Tunnelforskrifta

Fylkeskommunen er tildelt totalt 272 millionar kroner til oppfylling av krav i forskrift om tryggleik i tunnelane. Av dette får Møre og Romsdal fylkeskommune 46,2 millionar kroner i 2015. Det er positivt at fylkeskommunane får tilført midlar til dette føremålet, meiner fylkesrådmannen, som viser til at behovet er langt større enn tildelinga.

Han viser også til at Møre og Romsdal fylkeskommune har eit forfall på tunnelene på fylkesvegane på 1,4 milliardar kroner, og at det i fylket er 62 tunnelar som må opprustast.

Fagskular underfinansiert

Også fagskulane vert nemnt. I samband  med forvaltningsreforma fekk fylkeskommunane ansvaret for dette skuleslaget.

Fire fylke har hatt gjennomgåande store underskot i heile perioden etter 2010, og Møre og Romsdal er eitt av desse. Møre og Romsdal er det fylkes som subsidierer mest per elev. Finansieringssystemet tek ikkje omsyn til at maritime fag er meir kostbare enn andre tekniske fag, helse- og sosial og idrettsfag.

For inneverande år har  Møre og Romsdal fylkeskommune ei netto utgift på fagskulane på rundt sju millionar kroner. I tillegg kjem ei varierande mengede overforbruk - til saman for 2014 rundt åtte millionar kroner.