Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal har samrøystes sagt nei til at elevar i den vidaregåande skulen møter til undervisninga slik kledde at det er uråd å sjå ansiktet deira.  I vedtaket står det at det ikkje er tillate å bruke ansiktsdekkande hovudplagg i skuletida.

Det er og vedteke at elevar ikkje har lov å bruke røyketobakk, snus og e-sigarettar i skuletida eller i aktivitetar skulen driv.

Eva Vinje Aurdal (Ap) var skeptisk til forbod, men dei andre som hadde ordet støtta eit forbod mot at elevar kan dekke ansiktet sitt med kledeplagg.

Skal drøfte fråfall

Utdanningsutvalet  gjekk óg samrøystes inn for å arrangere ein temadag om fråfallet i den vidaregåande skulen. Det var Gunn Berit Gjerde (V) som foreslo dette. Det er ikke avgjort når temadagen skal vere.

I sitt innlegg stilte ho spørsmålet om fylkeskommunen bør ha læreplassar før ein lover elvane noko, det vil seie utdanningsløp.