Utvalet, som er leiar av førstelagmann Arild Eidesen i Hålogaland Lagmannsrett, har gjort ein full gjennomgang av kvotesystemet i fiskeria.

Utvalet foreslår å innføre såkalla ressursrente, noko som betyr at ein del av overskotet knytt til retten til å fiske, vert ført tilbake til felleskapet. Fleirtalet tilrår ein nøytral særskatt.

Evige kvotar

Utvalet vil også oppheve tidsavgrensinga for strukturkvotar, også altså innføre såkalla evige kvotar. Utvalet er delt om korleis overgangen skal gjennomførast. Eit fleirtal på seks vil at kvotane vert verande innanfor kvar einskild fartøygruppe, og at strukturgevinsten vert fordelt i gruppa. Eit mindetal på tre vil ha ein statleg kvotebank.

Forenklar

Utvalet foreslår også fleire forenklingar av kvotesystemet, slik som innføring av eit felles fiskeløyve, og samanslåing av ringnotgruppa med pelagisk trål. Utvalet vil også vidareføre dei regionale bindingane.

Fiskebåt, som organiserer havfiskeflåten, er imot innføring av ressursrente. Styreleiar Johnny Berfjord viser i ei pressemelding til at næringa alt betalar ressursrente gjennom dagens avgiftsordningar og det ordinære skattesystemet.

Ingen revolusjon

Men elles er Fiskebåt positiv til sentrale delar av forslaget frå kvoteutvalet.

«Berfjord er krystallklar på at forutsigbarhet, effektivisering og økt fleksibilitet er nøkkelen til fremtidig suksess. Det er også forutsetningen for å nå Norges og fiskeflåtens miljømål.  Han er positiv til at Eidesenutvalget legger grunnlaget for dette gjennom et forenklet og fremtidsrettet kvotesystem, der fiskernes rettigheter er knyttet til en fast andel av fiskekvotene», står det i ei pressemelding frå Fiskebåt.