Lars Inge Breivik frå Ulsteinvik er ein av passasjerane som opplevde dramaet i Oppstryn i natt. Passasjerane på nattbussen på veg frå søre Sunnmrøre, via Stryn til Oslo fekk eit dramatisk møte med naturkreftene.

- Det var mørkt og regna voldsomt. Plutseleg fekk vi ei vassfonn i fronten på bussen. Vi såg ingen ting. Bussen blei ståande på skeiva. Vatn, sørpe og stein fossa rundt, fortel Breivik til Sunnmørsposten.

Stengd dør

Passasjerane prøvde å få opp dørene på bussen, men framdøra let seg ikkje opne, så alle måtte ut bakdøra.

- Folk ropte at vi måtte evakuere, for det kjem meir. Då fekk vi opp bakdøra. Det var litt teikn til panikk, spesielt blant dei som stod framme i bussen og syntest det gjekk for seint å evakuere, fortel Breivik.

Det fossa inn sørpevatn i bussen. Då dei kom ut, vassa dei i ein halvmeter vatn og gjørme. Etter kvart steig det til ein meter.

Det var bekmørkt og uoversiktleg.

- Så høyrde vi det buldra og vi måtte kome oss vekk, fortel Breivik og legg til at dei gjekk nokre hundre meter tilbake, i retning Stryn. Etter kvart høyrde dei eit nytt ras, som var mykje større enn det som hadde teke bussen.

Busskur

Dei evakuerte busspassasjerane søkte tilhald i eit busskur, og der kom ein som bur i området , Ola Berge, og og bad dei inn i huset.

Skitne og våte kom busspassasjerane inn. Hos Kari og Ola Berge blei dei tekne godt hand om med tørre sokkar, kle og pledd.

Brannvesenet kom med ribbåt og tok med dei som ville tilbake til Stryn. Dei fleste valde å vente hos Berge, sidan all bagasjen er i bussen.

- Men vi veit ikkje korleis det er med bagasjen. Den er sannsynlegvis gjennomvåt den også, seier Breivik som er på veg til Wien.

Han er innstilt på å halde fram turen, sjølv om tida i Oslo no blir noko kortare enn planlagd.

Foto: Anne-Mari Tomasgard
Foto: Anne-Mari Tomasgard