Nordea har det siste halvåret hatt ei auke i kundemøte på over 20 prosent.

– Vi har stor pågang av kundar som er bekymra for økonomien, og som ser at straumrekningane og kvardagsutgiftene aukar. Vi har fått ei stor auke i kundar som søker avdragsfridom for å kome seg gjennom tøffare økonomisk kvardag, seier Aage Christensen, leiar for privatmarknaden i Nordea Ålesund.

– I tillegg ønsker vi å forsterke vår posisjon i nordvest, seier han.

Oppbemannar

Nordea Ålesund oppbemannar med opptil 25 nye tilsette på kundeservice og rådgiving.

20 av desse er knytt til etablering av eit nytt team på kundeservice som handterer telefonar frå kundar medan resten er knytt til rådgivarar innan økonomisk rådgiving i privatmarknaden.