Politiet melder søndag kveld at ein bilist mista førarkortet i Volda på grunn av for mange prikkar. Føraren vart målt til 105 km/t i ei 80-sone på E39 Kvivsvegen.

UP i Nordfjord har i tillegg stoppa 21 førarar i kontrollar søndag. Ein av dei vart fråteken førarkortet, skriv Fjordingen.