– Samferdsledepartementet må sjå på om det er mogleg å redusere krava i tunnelane på fylkesvegnettet, samtidig som ein opprettheld eit minimumsnivå for trafikksikkerheit og framkomst.

Det uttaler dei tre fylkesordførarane i Vestlandsrådet i ei pressemelding.

Frist til 2025

Fylkesordførarane Jon Askeland i Vestland, Marianne Chesak i Rogaland og Line Hatmosø Hoem i Møre og Romsdal gjer det klart at alle dei tre fylka er avhengige av meir statlege overføringar for å kunne fullføre noverande krav som staten har pålagt fylkeskommunane.

Line Hatmosø Hoem (Ap) er fylkesordførar i Møre og Romsdal. Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten (Arkiv)

Krava er basert på eit EU-direktiv frå 2015 og gjeld fylkeskommunale tunnelar som er lengre enn 500 meter og der det køyrer meir enn 300 bilar per døgn.

Tunnelane skulle i utgangspunktet utbetrast før 2020, men fristen blei forlenga til før 2025.

Langt dyrare enn rekna med

Sjølv denne fristen er utfordrande å nå for fleire. Ifølgje pressemeldinga er oppgraderingsprosjekta meir omfattande og dyrare enn det Statens vegvesen la til grunn, utan at dette er tilstrekkeleg kompensert.

– Kostnadene med å oppfylle krava er langt høgare enn dei midlane som er tildelte. Trass i at vi alle har lagt inn vesentlege eigne midlar, seier dei tre fylkesordførarane.

Dei legg til at viss dei strenge statlege krava til sikring blir oppretthaldne, er alternativa enten å utsetje oppgradering, eller at denne går utover andre viktige vedlikehalds- og sikringstiltak.