Legeforeininga tilrår sine medlemmer å ikkje bruke metoden, og Folkehelseinstituttet vil ikkje ta ansvaret for at den held fagleg mål. Likevel held UDI fram med å bruke aldersvurderingane frå Barnesak AS i behandlinga av asylsøknader.

Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS), og Redd Barna har i ein rapport konkludert med at norsk aldersvurderingspraksis er i strid med utlendingslova og FN-retningsliner.

– Vi er ikkje imot alderstesting, men den metoden som vert brukt i dag er for usikker, samstundes som den vert lagt for stor vekt på, seier rådgjevar Mona Dabour i NOAS.

Sunnmørsposten skreiv laurdag om «Ahmed», som bur på mottaket for einslege mindreårige asylsøkjarar i Hareid. Då han søkte asyl i fjor oppgav han ein alder på 16 år. Vergen meinte at denne alderen verka sannsynleg. Også ei fagperson i omsorgsapparatet har vurdert han til å vere under 18 år.

Vart tre år eldre

Men fordi han ikkje hadde identitetsbevis med seg bad UDI han om å ta ein medisinsk alderstest. Den vart gjennomført av dr. med Jens Grøgaard i Barnesak AS, som igjen baserte si vurdering på tannundersøkingar og ei røntgenundersøking av handleddet.

Plutseleg utan verje

Testen konkluderte med at guten var 20 år eller eldre, og UDI endra fødselsåret frå 1999 til 1996. Konsekvensen er at «Ahmed» ikkje lenger er i gruppa «einslege mindreårige asylsøkjarar».

– Dermed er han plutseleg utan verje, og står heilt åleine, uttalte mottaksleiaren i Hareid, Iselin Aske, som er uroa for rettstryggleiken til «Ahmed.»

Omstridd test

Alderstestinga som «Ahmed» har vore gjennom er den einerådande metoden i Norge i dag.

Kritikk

Vergeforeningen, som er ei interessegruppe for dei som er verjer for einslege mindreårige asylsøkjarar, har gjentekne gongar kritisert denne praksisen.

– Metoden er usikker, men likevel vert det lagt stor vekt på den i vurderinga til UDI. Feilmarginen kan vere opp til fem år, seier Eirin Strifeldt, i Vergeforeningen.

Ved tidlegare omtaler av slike saker har UDI vist til at testen er frivillig. Men det er berre i teorien, meiner vergene.

– I praksis er det ikkje frivillig. For det vert opplyst om at det kan få konsekvensar for saksbehandlinga dersom dei ikkje testar seg, altså at det kan bli brukt mot deg at du ikkje vil ta testen. Og verjer risikerer å bli kjent ueigna, dersom dei nektar å godta at asylsøkjaren vert testa, seier Strifeldt.

Fleire blir testa

Vergeforeininga og NOAS meiner metoden er brukt i omfattande grad.

– Så å seie alle unge asylsøkjarar vert sende til medisinsk alderstesting. I 2016 har praksisen blitt endra ved at fleire vert sende til testing, og at det vert lagt større vekt på resultata, seier Eirin Strifeldt i Vergeforeningen.

Sunnmørsposten har bede om kommentar frå UDI, men dei har ikkje svara.

Asyl-nei: På denne plakaten i eit fellesrom på mottaket for einslege mindreårige asylsøkjarar i Hareid har bebuarane sett ord på sine kjensler knytt til avslag på asylsøknader. Foto: svein aam