Det er nokon som har prøvd å bryte seg inn i ein matbutikk på Vatneeide i Haram kommune to netter på rad.

– Der er gjort skadeverk på butikken både natt tl lørdag og natt til søndag. Dei har prøvd å knuse eit glas, men det er godt sikra, og dei har ikkje komt seg inn, seier operasjonsleiar Borge Amdam i Sunnmøre politidistrikt.

Han seier det er uvisst om det er gjort seriøse forsøk på å komme seg inn i butikken.

– Vi er interesserte i å komme i kontakt med folk som veit noko om kva som har skjedd, seier Amdam, og oppfordrar dei som veit noko om å ringe politiet.