Forskarane prøver difor å finne ut kva for sjukdommar den blir råka av, for å utvikle metodar som skal oppdage dei nye sjukdommane. Det skriv Magasinet Én Helse, Veterinærinstituttet sitt blad.

Berggylte, grøngylte, raudnebb, blåstål og rognkjeks går alle under nemninga reinsefisk.

Desse fiskane er utpeikt som dei nye heltane som skal halde lakselus i sjakk, legg bladet til.

Namnet reinsefisk kjem av at fisken plukkar parasittar frå huda, gjellene, og til og med frå munnen hos større fiskar. Difor har dei blitt verdifulle nyttefiskar for oppdrettsnæringa, skriv Anne-Gerd Gjevre og Brit Tørud ved Veterinærinstituttet.

I 2015 var 26,5 millionar reinsefisk i aksjon i norske merdar.