– Dette dreiar seg meir om fornuft enn om omkamp, seier Hovden som er glad for at stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) har våga å stille viktige kontrollspørsmål i lys av den enorme kostnadsauken som har kome for dagen.

Samstundes er stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) glad for Holen Bjørdal si forsikring i Sunnmørsposten om at hans parti ikkje vil ta omkamp på vedtekne traséar.

– No må Holen Bjørdal stå for det han seier, seier Grimstad som på neste møte i Mørebenken like over påske vil ta eit initiativ for at stortingsrepresentane i Møre og Romsdal skal klare å opptre samla i saker der avgjerd er teke i regjeringa.

Heilt sikker er likevel ikkje Oskar Grimstad på at det ikkje ligg ein omkamp i lufta, og viser til det Fredric Holen Bjørdal har uttala til Møre-Nytt.

– For meg ser det ut til at han spelar på to hestar, seier Grimstad, som tidlegare har sagt at han fryktar Ap går for omkamp om Hafast.

Fjellvetregel

Paul Kristian Hovden fryktar det vert så kostbart å byggje Hafast, at prosjektet rett og slett ikkje let seg realisere. Vegdirektoratat opererer med 38 milliardar kroner.

– Eg fryktar at andre store fjordkryssingsprosjekt langs ferjefri E39 lenger sør på kysten av Vestlandet skal trengje seg framom. Og då er det all grunn til å spørje om ikkje vi i Møre og Romsdal kan risikere at det ikkje vert fjordkryssing på oss i det heile. Det vil i så fall verken tene innbyggjarar eller næringsliv i fylket vårt, seier han og viser til fjellvettsregel nummer åtte «vend i tide, det er inga skam å snu». Dette bør også gjelde vegbygging, seier han.

Vedlikehaldsetterslep

Paul Kristian Hovden viser også til det enorme vedlikehaldsetterslepet både på riks- og fylkesvegar, og meiner det er eit argument for at det vil vere klokt å opptre litt meir edrueleg når det gjeld framtidig bruk av pengar på vegsektoren.

Då vil ein også få meir nytte av pengane.

– Eg registrerer at somme Frp-politikarar vil bruke pengar som fulle sjøfolk. Det tener i alle fall ikkje samfunnet, seier han.

– Nå må Bjørdal stå for det han seier.