– Ikkje set i gang filmen enno, eg må ta nokre bilde først. Av popkornet også. Og så eit til Snap. Smil då jenter, de er så fine!

Marna Haugen Burøe (34) er på jobb. Ho og nokre veninner er på privat kionovising hos SF Norge, for å sjå ein film som snart kjem på kino. Dersom Marna likar filmen og skriv om han på bloggen sin, får ho betalt for det. 34-åringen frå Ørsta bloggar under namnet Komikerfrue. Bloggen hennar er blant dei ti mest leste i Norge – rundt 25.000 unike brukarar er innom Komikerfrue.no kvar dag. Dagleg opnar 53.000 personar det Marna publiserer på Snapchat, og på Instagram har ho heile 161.000 følgjarar. Det er mange som kjem til å få med seg at bloggaren har sett ein ny film om suffragettene som kjempa for kvinneleg røysterett i Storbritannia i byrjinga av 1900-talet.

Dårleg film

– Når eg seier ja til slike oppdrag som dette, er kravet mitt at det ikkje blir lagt føringar for kva eller korleis eg skal skrive. Men om eg synest filmen er dritdårleg, så seier eg berre at eg ikkje kan skrive om han. Komikerfrue smiler og slengjer på det lange, lyse håret sitt. Ho fargar det sjølv, eigentleg er det kommunegrått. Mobilen er oppe igjen, berre eit lite bilde til no så er ho klar.

På gard

Ho vaks opp på gard i Åmdalen i Ørsta, yngst av tre sysken. Ho var med i fjøset og hjelpte til med dyra, men fortel sjølv at ho var ei jåledokke frå ung alder.

– Eg trur pappa var glad for at eg ikkje var odelsjente, ler Marna. Ho er 175 cm på strømpelesten, slank og rett i ryggen. Poserer og smiler som den naturlegaste ting når fotografen rettar kameraet mot henne. Somme hugsar nok namnet Marna Haugen frå skjønnnheitskonkurransane Frøken Norge, Miss Skandinavia, Miss Norway, Top Model International og frå TV-serien Top Model Norge. Marna vart både Miss Norway og Miss Skandinavia og vann Top Model International i 2003. I Top Model Norge vart ho nummer fire.

– Eg fann påmeldingsskjema til Frøken Norge i Se & Hør og melde på meg sjølv med private bilde, år etter år. Til slutt vart eg endeleg plukka ut til å vere med i konkurransen. Det var kanskje ein draum om å verte modell som dreiv meg, men eg jakta også på stadig nye opplevingar.

Landa

løpet av to år med «misseliv» fekk Marna reise rundt om i verda og i Norge. M.a. var ho koreograf for ein missekonkurranse i Costa Rica, vart vakta med våpen i Ukraina, og budde på same hotell som Leonardo di Caprio i New York.

Men ho hadde kanskje ikkje rette «looken», og ho ville ikkje ta silikon i brysta slik ho vart rådd til. Det vart i alle fall inga modellkarriere på den langbeinte ørstajenta med utdanning i hudpleie, lidenskap for negledesign og erfaring som bartender.

– Det var nok ein periode eg var ganske høg på meg sjølv, men eg landa temmeleg fort, hugsar Marna. Marna Haugen Burøe har vore saman med komikar Ørjan Burøe i 12 år. For to år sidan gifta dei seg i Las Vegas. Det var på eit nachspiel saman med ektemannen og andre komikarar at ho fleipa om at ho kunne starte ein blogg under namnet Komikerfrue, som ein parodi på bloggen Fotballfrue.

– Den fleipen sette tankane mine i sving. Eg har alltid likt å vere i søkjelyset, og ønskte meg ein eigen arena å utfalde meg på, fortel ho.

Bloggen

Det vart ingen parodi, men ein blogg om små og store hendingar i kvardagen, gjerne nært, somme gongar intimt, og svært ofte med eit humoristisk tilsnitt. Marna hadde ingen plan for bloggen då ho for vel fire år sidan sette seg ned for å skrive, men både hovudet og hjartet var fullt av kreativitet. I tillegg får ho mykje gratis kvardagskomikk gjennom å leve med ein komikar, og Marna er med på notane. Sjølv om ho absolutt kan sjå ut som ein million dollar, så viser ho også fram korleis ho ser ut og kva ho gjer bak fasaden. 34-åringen med velfriserte augebryn, lange augevipper, filmstjernekvite tenner og nylakka negler synest å vere ein person som tek seg sjølv lite høgtideleg.

Kjenne seg att

– Eg prøver å fange opp desse små tinga i kvardagen som folk kan kjenne seg att i. Av Ørjan har eg lært at gjennkjenningsfaktoren er viktig for å få folk til å le. Eg har vore den største kritikaren hans i alle år, og heldigvis har vi same type humor, seier Marna. Ho fortel at ho jobbar kontinuerleg med å ikkje verte for polert på bloggen. Det er lett å la seg påverke av andre «perfekte» bloggarar, men Marna ønskjer ikkje å framstå som eit glansbilde. Ho er oppteken av korleis ho ser ut, og likar godt å pynte seg, gå på raud løpar og vere i fokus. Men det er viktig for henne å ikkje utgi seg for å vere noko anna enn ho er.

– Folk seier til meg at «Marna, du treng då ikkje Botox», men det er berre fordi dei ikkje har sett meg utan. I min alder handlar det om vedlikehald, ingenting anna. Og om eg ein dag skulle få lyst til fikse på kroppen min med kirurgi, så kjem eg til å gjere det.

Sjukdom

Komikerfrue hadde rundt 6000–7000 lesarar per dag, då det vart oppdaga at det som først såg ut til å vere ein graviditet var ein kreftsvulst. Det var ei vond oppleving på mange måtar, men fordi ho fekk beskjed om at ho kom til å verte frisk, takka Marna ja til å vere med i TV-serien «Bloggerne» på TV2 Bliss.

– Det er sant det folk seier, at kreft lærer deg å leve. Sjukdomen gjorde noko med meg, eg vart meir uredd, gav meir blaffen, fortel ho. TV-serien gjorde også noko med Marna, og i alle fall noko med bloggen hennar. Besøkstala skaut i vêret og interessa rundt ørstajenta sin person vart større og større. Ho var med i «Bloggerne» i fire sesongar, og i fjor haust var ho med i kjendisversjonen av kokkeleringskonkurransen «Masterchef» på TV3 – og kom heilt til finalen. Ho og Ørjan har konkurrert mot kvarandre i «Lip Sync Battle» på TV2 Humor, og i desse dagar startar ein ny sesong av «Firestjerners middag» på TVNorge – og Marna er med.

Nominert

For to veker sidan var ho nominert til heile fem prisar under Vixen Bog Awards, mellom anna «Folkets favoritt» og «Årets gullpenn», men ho vann ingen denne gongen. Ho har designa ein eigen smykkekolleksjon for Thune, og snart skal ho halde sitt første inspirasjonsføredrag under ein gründermiddag på Lillehammer. 34-åringen har eigen agent til å hjelpe seg med å sortere alle førespurnader og tilbod ho får. Annonsørar står i kø og vil reklamere på bloggen hennar, og ho kan velje og vrake i betalte oppdrag frå ei breispektra kundegruppe.

Familie

Dei bur i øvste etasje i ein bygard på Majorstua, Marna og Ørjan, dei to gutane deira Theodor (7) og Dexter (15 md.), og dotter til Ørjan, Leah (16). Denne dagen er også mor til Ørjan på besøk, og ein kamerat av Theodor. Med ein journalist og ein fotograf i tillegg, blir det folksamt i treromsleilegheita – men alle får plass rundt middagsbordet.

– Du må vise dei at vi har kjøpt mais på tilbod, ler Ørjan og hentar fram to brett med maisboksar. – Ja, eg er no ikkje sunnmøring for ingenting, parerer Marna. Som god sunnmøring har ho også fleire økonomiske føter å stå på. I tillegg til bloggen har ho sitt eige neglestudio – «Hos Marna» – med to tilsette i første etasje i bygarden der ho bur, Ho driv også nettbutikken Makeupyourmind.no. I tillegg hevdar ho å investere pengar klokt.

Rikdom

– Om eg blir rik av å vere bloggar? Då hadde vi vel ikkje budd fem personar i ei litt for trong, leigd leilegheit. Det er klart at det ligg eit stort økonomisk potensial i ein blogg som blir lest av så mange, og eg likar ikkje å seie nei til pengar. Eg elskar jobben min, men eg må behalde meg sjølv opp i alt dette. Eg seier ja berre til jobbar som handlar om ting eg interesserer meg for. Det viktigaste for meg er å leve kvardagslivet og vere ei utkvilt mor for borna mine.