Ein underskriftskampanje ser no ut til å sende saka tilbake til kommunestyret i Ulstein.
166 har skrive under på eit opprop mot bygging av ny kyrkje i Ulstein. Med 170 underskrifter, eller to prosent av Ulstein si befolking, er kommunestyret forplikta til å sjå på saka på nytt.
I Ulstein var det stor jubel i Sjøborg kinosal då vinnaren av arkitektkonkurransen, Snøhetta, la fram si skisse.
Ser du kva den nye kyrkja liknar på?
Brennheitt tema
Ordføraren fortel at dette er eit ganske brennheitt tema i kommunen – både blant dei som gjerne ønskjer ny kyrkje og blant dei som meiner kommunen ikkje har råd til enno eit nytt bygg.
Kyrkja er berekna å koste 60-80 millionar kroner totalt.
– Det som ligg i finansieringsplanen er at Ulstein kommune skal dekke rundt halvparten av kostnadene, seier ordførar Engh.
Stor gjeld
I Ulstein har det vore storstilt bygging i fleire år. Nyleg vart kommunen spurt om å stille opp med 27 millionar kroner ekstra, etter at Arena Ulstein er komen i pengeknipe. Sjøborg kulturhus er også ein relativt ny samlingsstad i kommunen. I fjor kom det fram at den reelle Ulstein-gjelda er 168.000 kroner per innbyggjar.
Engh tør ikkje spå kva utfallet blir når kyrkjesaka mest truleg kjem opp for dei folkevalde.
– Det er delte meiningar om dette i kommunestyret, og det er vanskeleg å fastslå korleis dette slår ut, seier Engh.
Han reknar med at saka blir lagt fram for levekårsutvalet 8. mars, formannskapet 21. mars og kommunestyret 30. mars.