- Tre vidaregåande skular på Sunnmøre har hittil hatt skuleval, Sykkylven, Ulstein og Stranda, ifølgje ei opprømt Marthe Emilie Hansen i AUF i Møre og Romsdal.

Ap har gått kraftig fram både i Sykkylven og Ulstein. Ved Sykkylven vgs er det knallraudt no. Rødt har fått 9 prosent og SV 15 prosent. Og Ap har fått 31,6 prosent i skulevalet.

Sjå oversikta over.

For Høgre er det ein kraftig tilbakegang. Ved Sykkylven vgs er partiet nede i fattige 6,4 prosent.

- Dette er ein peikepinn på kva som blir valresultatet i kommunevalet om vel ei veke, trur og håper fylkessekretæren for AUF.

Les fleire valsaker på smp.no/tema/valg2015

Frå knallblått til heilraudt

I 2013 var det knallblått blant elevane på Sykkylven vgs. Høgre fekk 40 prosent og Frp nesten 31 prosent, viser ein oversikt på Samfunnsveven.no. Ap fekk til samanlikning rundt 15 prosent.

Dette såg også ut til å vere ein peikepinn for kva som skjedde i stortingsvalet få dagar etter. Her fekk Høgre og Frp fleirtal til saman, for første gong på fleire val, med 29 prosent til Høgre og 22 prosent til Frp.

Også i 2009 ga skulevalet truleg ein peikepinn på resultatet i stortingsvalet. Frp gjorde eit brakval i Sykkylven, med 21,8 prosent på skulevalet og 30 prosent i stortingsvalet.

Personval?

Men Hansen hos AUF trur skulevalet eit stykke på veg også blir avgjort i valdebattane på skulen.

- Eg var tilhøyrar i salen i Sykkylven. Eg trur vi vann på ein seriøs tone, der Erik Kursetgjerde etter fire år i kommunestyret har god peiling, seier Hansen.

- Og heile ni prosent til Rødt?

- Dei har flinke debattantar, og har saker som eksamensfri skule og ingen lekser, seier Hansen og trur dette slo godt an.

Høgre og Ap likt i Ulstein

Ved Ulstein vgs tok Ap den første skulevalsigeren sidan 2001, ifølgje Hansen.

Her står Ap og Høgre no så godt som likt.

Ap fekk 15,7 prosent i 2013, og 25,8 prosent i år.

Høgre fekk 41,7 prosent i 2013, og 25,1 prosent i år, ifølgje ein oversikt frå Møre og Romsdal AUF.

Blå tilbakegang også i Stranda

Også ved Stranda vgs gjekk Høgre kraftig tilbake ved skulevalet i år.

- Frp vann skulevalet med 24,8 prosent, seier Håkon Strand.

Strand er fylkesleiar for FpU og var debattant i valdebatten på Stranda. Frp tok 26 prosent i 2013.

Høgre fekk 18,4 prosent i år, men hadde nesten 40 prosent i 2013, viser Samfunnsveven.no.

Sp, SV og MDG hadde alle stor framgang ved Stranda vgs i år. Sjå resultata for skulevalet ved Stranda vgs hos avisa Sunnmøringen.

Les fleire valsaker på smp.no/tema/valg2015

Marthe Emilie Hansen er fylkessekretær i Møre og Romsdal AUF. Foto: Privat
Håkon Strand er fylkesformann i Møre og Romsdal FpU. Foto: Marius Myklebust