Statens vegvesen arbeider med å lage anbodsmateriale til desse utbetringane som er planlagde, opplyser Kristen Leganger i vegvesenet i Møre og Romsdal.

Tunnelarbeidet i Møre og Romsdal skal gå føre seg frå 2016 til 2018.

EU-krav

– Vi skal oppgradere tunnelane slik at dei oppfyller krava i EU si tunneltryggleiksforskrift, seier han.

Tunnelane skal mellom anna får betre lys og ventilasjon. Når arbeidet går føre seg fører det også til problem for trafikantane. Ein del av arbeidet vert gjort om nettene.

I heile landet omfattar prosjektet 200 tunnelar på riks- og europavegane. Arbeidet er sett i gang i Trøndelag.

I første omgangen er det tunnelane på 136 innover til Åndalsnes som skal setjast i stand i 2016 og 2017. Med i dette arbeidet er Måndalstunnelen, men også Hjelvik- og Innfjord-tunnelane skal verte gode nok.

Betre standard

I 2017 og 2018 er det Blindheimstunnelen, Moatunnelen og Rotsethorntunnelen som skal oppgraderast til internasjonal standard.

Samtidig skal også Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen få betre standard. Dei to tunnelane vart oppgraderte for nokre år sidan, men det står att nokre mindre tiltak.Samtidig skal også tunnelen til Flatholmen få moderne standard. Den er i dag ein del av dette riksveganlegget.

Alle desse tunnelane sorterer under Statens vegvesen og ein kan rekne med at dei gjennomfører sine planar.

Tunneleigar

Men Møre og Romsdal fylkeskommune er den store tunneleigaren. Dei har mange milliardar kroner i utgifter i vente på å setje sine tunnelar i stand, og har planar om fleire nye tunnelar. På nyåret starta fylkeskommunen utbetring av Fannefjordtunnelen ved Molde. Den neste på lista er Godøytunnelen, men for den er det ikkje gjort noko vedtak.

Følg smp.no på Facebook