Målet med arrangementet er å gjere det lettare å snakke om døden og det vonde, hylle dei gode minna etter dei ein har mista og arbeide seg gjennom sorga. I tillegg til å feire kjærleiken, livsgleda, ta betre vare på oss sjølve og kvarandre, ifølge arrangøren.

I Sula går arrangementet føre seg på Devoldfabrikken, i Giske på Valderøy barneskule og i Ulsteinvik på Vikholmen. Hjertefred vart starta av kunstnaren Bjørg Thorhallsdottir som vart enke i ein alder av 30 år.

Bjørg ønska at sonen hennar skulle få vere med og minnast pappaen sin i glede på Allehelgensdagen. Arrangementet har no spreidd seg til store delar av landet. Arrangementet er gratis og mellom anna musikk, gode ord, lystenning står på programmet.