Fylkesveg 63 Geiranger - Langvatn opnar klokka 16.00 i dag, tysdag.

Det melder Vegtrafikksentralen midt.

Vegen har vore stengd i fleire dagar på grunn av snø og uvêr.

Torsdag 19. oktober varsla vegvesenet at det ville bli tatt ei ny vurdering først 24. oktober. Og no blir altså vegen opna igjen.