Det skriv dei i ei pressemelding.

– Med dagens økonomiske situasjon håper vi dette kan vere med på å lette studentkvardagen i Volda, uttaler administrerande direktør Rune Aasen i meldinga.

Prisen vil ikkje kome til å stige før tidlegast hausten 2025. Studentsamskipnaden i Volda har over 600 hyblar til leige med prisar frå 3.700 kroner per månad, inkludert straum og breiband.

– Vi gjer dette for å kome studentane i møte i ei tid med svært pressa studentøkonomi, uttaler styreleiar Sindre Rabben Tronstad.

– Levekostnadane har auka. Ikkje minst kostnadene til mat og andre nødvendige varer. Difor er eg svært glad for at vi kan halde prisane uendra, legg han til.