Dermed kan det svært vanskelege kapasitetsproblemet på ferjestrekninga, med stadig fleire attståande bilar, gå mot ei løysing.

Les også: Risikerer å vente 15.000 timar på ferjekaia

Har frist innan 1. mai

Seniorrådgjevar Knut Arve Orten Lie i ferjeseksjonen i Statens vegvesen Region Midt opplyser at fylkeskommunen må ta stilling til tilbodet innan 1. mai.

Dersom fylkeskommunen godtek tilbodet frå Norled, vil ferje nummer tre på sambandet kunne vere på plass seinast 1. august.

Knut Arve Orten Lie kan ikkje opplyse kva ferje det er snakk om, om det er ei av Norled sine eigne ferjer eller ei ferje selskapet har fått hand om frå andre selskap, og kor stor den er.

Løyser utfordringane

– Men ferja det er snakk om vil kunne løyse utfordringane på sambandet, seier han.

Om prosessen vidare, seier Orten Lie at det snarast må leggjast fram ei sak til politisk behandling i fylkeskommunale organ.

Det kan tidlegast skje i byrjinga av neste veke, då fylkestinget er samla i Ulsteinvik frå måndag til onsdag.

Måndag kveld har fylkesutvalet møte, og om nødvendig vil det vere mogleg å samle samferdselsutvalet.

Les også: - Lag spiker av baljene deira!

Vanskeleg

På spørsmål om det har vore vanskeleg å finne ferje, svarar Knut Arve Orten Lie ja.

Utfordringane har særleg vore å finne tak i større ferjemateriell.

– Vi har støvsoge heile landet for å finne ei ferje som vil kunne passe. At vi no har fått eit tilbod frå Norled, er eit steg i rett lei, seier han.

Lang ventetid

Hareid-ordførar Anders Riise (H) fortel om ein svært vanskeleg situasjon både for næringsliv og privatpersonar.

– Eg kjenner til ein person som arbeider nattevakt på sjukehuset og som om morgonen, etter 10 timar på vakt, må vente mellom ein og ein og ein halv time på Sulesund før vedkomande kjem med ferje og kan kome seg heim. Ein slik situasjon kan vi ikkje leve med lenger. Derfor tvingar ei løysing seg fram, meiner Hareid-ordførar Anders Riise.