I første kvartal hadde Tresfjordbrua kvart døgn 100 fleire passeringar enn prognosen.

I beste fall kan 15 år med bompengar bli redusert til ni år. Då må renta halde seg låg.

– Det er enno for kort tid til å seie noko sikkert om korleis vi ligg an med tanke på nedbetalingstida. Om vi skal gå ut frå trafikktala sidan opninga, kan brua i beste fall vere nedbetalt i 2024, seier dagleg leiar Torgeir Stene i Eksportvegen AS til Bygdebladet.

Brua, som opna i oktober i fjor, kosta 1,56 milliardar kroner. Av dette skal Eksportvegen AS betale halvparten.

Trafikken over sjølve brua er på sett og vis under prognosen. Men i tillegg kjem passeringane gjennom bommane rundt Tresfjorden. Dermed er årsdøgntrafikken oppe i 1.630, totalt 100 meir enn det som var berekna.

Elbilar, som køyrer gratis, utgjorde 9.500 passeringar første kvartal, eller 105 passeringar dagleg. Det er rundt 6,5 prosent.