Dette har ført til reaksjonar frå politikarar som meiner at salet har gått for fort og at prisen er altfor låg.

– I same området er det før selt grunn for 450 kroner kvadratmeteren. Prisen det er inngått avtale om inneber 3,5 millionar kroner i tap for Giske kommune. Til samanlikning er eigedomsskatten i kommunen i år fire millionar kroner, seier Nils Halvard Molnes (Ap).

Klager vart avvist

Men ordførar Knut Støbakk (KrF) seier at alt har gått rett for seg og i full offentlegheit.

– Tidlegare i vår gav vi tilbod om å selje tomta for 115 kroner kvadratmeteren. Det kom inn to klager på dette, men dei vart avviste i formannskapet. Dermed skreiv eg under grunnkjøpsavtalen med Retail Giske, seier Knut Støbakk.

Han har invitert dei som er misnøgde til å møte formannskapet i juni.

Ordføraren køyrde solo

Det er firmaet Retail Giske som har kjøpt området. Bak dette selskapet står Retail Eiendom og Wenaas kapital som igjen driv utbygginga på Digernesskiftet. Blant mykje anna er det også dei som eig det nye store Waterfront-hotellet i Ålesund.

Nils Halvard Molnes seier at Giske kommune har bestemt at alle tomter skal seljast til marknadspris. Før dei gjorde det vedtaket var det meir pris ut frå sjølvkost.

– Har ordføraren handla for mykje på eiga hand?

– Det kan hende at han har køyrt for mykje sololøp, seier Nils Halvard Molnes som opplyser at dei vil følgje denne saka opp i formannskapet.Knut Støbakk seier at tomter i same området før er selt for denne prisen og at formannskapet har godkjent det.

Han seier og at det kostar ein god del å opparbeide tomta.

Området striden står om skal i dag vere regulert til industri og det må eventuelt ei omregulering til detaljhandel til.