Sam­ti­dig fall pri­sa­ne på elekt­ri­si­tet på Aust­lan­d­et og i ber­gens­om­rå­det til billegnivå.

– For­kla­rin­ga er grovt sagt at Sunn­mø­re vart ram­ma av svensk og del­vis eu­ro­pe­isk pris­ni­vå på elekt­ri­si­tet, medan om­rå­det sør for oss fekk nyte godt av låge pri­sar på grunn av stor pro­duk­sjon i snø­smel­tin­ga. Det finst ik­kje sto­re kraft­lin­jer som kan hen­te hit nok bil­leg elekt­ri­si­tet, for­kla­rer sals­sjef John Hal­sa i Ta­fjord Marked.

ÅBO-av­ta­le.

Den sto­re pris­for­skjel­len kjem fram av to straum­rek­nin­gar av same type gjen­nom av­ta­len som Åle­sund Boligbyggelag har med Kraftinor:

I juni var spot­pri­sen for elekt­ri­si­tet i Os­ter­øy i Nord­hord­land 20,50 øre pr. kWh med­rek­na av­gif­ter og før moms.

I Spjel­ka­vik kos­ta elekt­ri­si­te­ten i juni 33,46 øre pr. kWh med av­gif­ter og før moms.

Fast­pris og lin­je­lei­ge til BKK nett og Ta­fjord kraft­nett kjem i til­legg.

Pris­om­rå­de.

Møre og Trøn­de­lag er eit anna pris­om­rå­de enn lan­det len­ger sør, og får til­ført straum frå Nord-Norge og Sve­ri­ge der atom­kraft­pro­duk­sjo­nen har vore re­du­sert.

– Det er ein ten­dens her til at vi vert på­ver­ka av det svens­ke pris­ni­vå­et på elekt­ri­si­tet, sei­er John Hal­sa.

Sunn­mø­re har for li­ten ei­gen pro­duk­sjon av kraft, og må ha im­port. Men det er ik­kje sto­re nok lin­jer som kan trans­por­te­re inn bil­le­ga­re straum frå ind­re Sogn.

Det skal lin­ja Ør­skog–Far­dal ret­te på. Den er ekst­ra for­sein­ka et­ter at lag­manns­ret­ten døm­de po­li­tisk tuk­ling ulov­leg.

– Kan vi ri­si­ke­re svært sto­re pris­for­skjel­lar til vin­te­ren?

– Det vert nok litt hø­ga­re pris her enn i Sør-Norge, men pri­sen her treng ik­kje ver­te så my­kje dy­ra­re, sei­er sals­sje­fen i Ta­fjord.

Vin­te­ren.

Eg fryk­tar kva straum­pri­sen blir i vin­ter, sei­er To­rill Yt­re­berg i NHO.

Lite ned­bør som det har vore i lang tid kan med­fø­re høg pris i eit om­rå­de som frå før mang­lar kraft til tu­sen­vis av hus­stan­dar. Hel­dig­vis er det kome ny lin­je til Sve­ri­ge som fø­rer inn straum, men det er li­ke­vel stort be­hov for straum sør­frå.