Mannen som døydde var heimehøyrande på Austlandet. Han vart funnen død av politiet heime hos kvinna, som er busett på søre Sunnmøre, laurdag 24. august.

Politiet har grunn til å tru at mannen døydde av forgifting. Det er utført rettsmedisinsk obduksjon av mannen, politiet har førebels ikkje mottatt resultatet frå denne, opplyser Sunnmøre politidistrikt.

– Det finst spekulasjonar om at dette er relatert til rusmiljø, men det finst ikkje haldepunkt for dette, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad til Sunnmørsposten.

Etterforskar vidare

Den sikta kvinna er innlagd på sjukehus. Ferstad vil ikkje opplyse noko meir om på kva måte kvinna har medverka på eller kva rolle ho har hatt.

– Vi etterforskar framleis. Vi ønskjer også å ta omsyn til dei pårørande, seier Ferstad til Smp.no.

Politiet har utført tekniske undersøkingar på åstaden og arbeider vidare med å etterforske saka ved avhøyr, gjennomgang og analyse av telefonar, datamaskin og anna beslaglagt materiale.

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.