Ein fotgjengar blir frakta til sjukehus for undersøking og behandling etter å ha blitt på køyrt av ein bil. Hendinga skjedde på Synesvegen på Vigra.

Bilføraren har forklart at han vart blenda av sola og ikkje såg forgjengaren, skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Politiet melde først at det var eit samanstøyt mellom bilist og syklist.

Personen som blei påkøyrt er vaken og bevisst, opplyste politiet tidleg.

Saka blir oppdatert