Kameratane Øyvind Grimstad Gryt (35) og Andreas Grimstad (30) frå Hareid har danna selskapet Grim & Gryt Økobryggeri AS – som er det første økologiske handverksbryggjeriet i Norge.

– For oss er det eit naturleg val å bryggje økologisk. Vi er begge opptekne av rein mat og å ta vare på miljøet, og ikkje minst av smak, forklarer Øyvind Grimstad Gryt.

Hobby

Dei to kameratane har bryggja øl saman på hobbybasis dei siste seks åra, og har like lenge planlagt oppstart av sitt eige handverksbryggjeri. No er bryggjeriutstyr bestilt, og dei har funne lokale nær Hareid sentrum.

– Vi skal bryggje smaksrike øltypar utan bruk av filtrering, pasteurisering eller tilsetjingsstoff–og med utelukkande økologiske råvarer. Vi fokuserer på berekraftige og miljøvennlege metodar i heile prosessen frå jord til glas, forklarer Grimstad Gryt.

Tyske råvarer

Økobryggjeriet får råvarer frå ein av dei fremste på økologisk humledyrking i Tyskland, men det vil også verte brukt norsk korn i produksjonen.

– Første gong vi laga øl sjølve, sjølvsagt med økologiske ingrediensar, så smakte det betre enn nesten all kjøpeøl vi har smakt. Og dermed var det gjort. No ønskjer vi at fleire får oppdage kor mykje smak det er i økologisk øl, seier Grimstad Gryt.

Lokalt

I første omgang skal Grim & Gryt levere øl lokalt på Sunnmøre og til utvalde stader i dei største byane. Samtidig vil karane jobbe for å få eit par ølsortar inn i Vinmonopolet sitt sortiment. Pale ale, lys ale og mørk ale er tenkt selt i butikk. Indian pale og porter er tenkt for polet.

Planen er at øl frå Grim & Gryt skal vere klar for sal til hausten. Dei to kameratane vil i starten jobbe deltid med bryggjeriet, men ser føre seg å jobbe fulltid med økoøl frå neste sommar.

– Stadig aukande etterspurnad etter økologiske varer, smaksrik øl, og lokalt produsert mat, gjer at vi trur at dette på sikt er noko vi kan leve av å drive med.

Aksjar

Oppstarten av Grim & Gryt Økobryggeri er sikra ved sal av aksjar til småinvestorar. I tillegg har selskapet fått tilsegn om støtte frå Innovasjon Norge.