Dersom forhandlingane ikkje fører fram, er det aktuelt å lyse ferje nummer tre ut som eit eige anbod. Det vil uansett gå nokre månader utpå nyåret før ferje nummer tre er på plass.

Orienterte om problem

På møtet i samferdselsutvalet tysdag var regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utaker, til stades for å orientere om dei problema selskapet har hatt på nokre av sambanda i fylket, mellom anna Hareid-Sulesund og Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya.

Han tykte selskapet har fått litt for mykje av skulda for problema, og kritiserte fylkeskommunen for gamle og dårlege ferjekaier og Hareid-ordførar Anders Riise (H), som sat på tilhøyrarbenken, for å ha krisemaksimert problema som oppstod då «Ullensvang» fem døgn i mai vart sett inn på Hareid-Sulesund.

Utaker fortalde at «Ullensvang», som er bygd om og gjort meir moderne, skal setjast inn som ferje nummer to på Hareid-Sulesund frå og med 29. desember. Problema som oppstod sist forklarte han mellom anna med eit mannskap som ikkje hadde gjort seg kjent med ferja.

Han trudde det ville gå langt betre når ferja like før nyttår vert sett inn ordinær drift.

Skriv frå seg ansvar

Hareid-ordførar Anders Riise (H) meiner Inge André Utaker skriv frå seg ansvar. Sjølv om ferja er bygt om, trur han det vil bli problem i samband med om bord- og i landkøyring.

Frank Sve seier at det som må til for at ein skal kunne leve med «Ullensvang», er ei tredje ferje på sambandet som tek mellom 85 og 100 bilar.

I det samrøystes vedtaket i samferdselsutvalet om tilleggskjøp på sambandet Hareid-Sulesund, vert fylkesrådmannen beden om å starte opp arbeid med naudsynt regulering av oppstillingsplassen på Hareid ferjekai for å tryggje dei reisande. Vidare at ein i budsjett for neste år og økonomiplan for 2015–2018 finn dei pengane som må til.

Beredskap

Når det gjeld saka om manglande beredskap i høve ny kontrakt for Hareid-Sulesund som tek til å gjelde frå og med årsskiftet, kom det inga avklaring.

Ein ventar framleis på ei forklaring frå Statens vegvesen om kvifor beredskap ikkje er med.