Totalt 293 køyretøy vart sjekka i ein kontroll av lette køyretøy og bilbeltebruk på E39 i Hornindal.

- Hovedfokus på kontrollen i dag var bilbeltebruk i lette køyretøy, samt turbusser, står det i kontrollresultatet til Statens vegvesen.

- I tillegg såg vi på tekniske manglar, der ein fekk bruksforbud grunna eit dekk som var delvis slitt heilt inn på corden, og ein annan fører måtte sikre lasta si litt betre på tilhengaren sin. Tre sjåførar fekk vidare beskjed om å skifte defekte hoved-lyspærer på køyretøya sine.