Det vart ei hektisk periode etter at Karsten Warholm cruisa inn til sitt andre NM-gull laurdag kveld, då han utklassa alle i finalen på 400 m flatt.

Tidsuret viste 45,76 sekund, som seinare vart justert til 45,8. Det ville ha slått Quincy Douglas’ bestenotering frp 1999 på 46,11, men sidan begge dei to tidtakarane svikta var det den manuelle tidtakinga som vart ståande – og dermed ikkje gyldig.

– Løpet i seg sjølv var eigentleg eksepsjonelt, eg er veldig nøgd med kva eg greidde å få ut der. Samtidig blir det eit lite antiklimaks når det skjedde. Det er ikkje til å leggje skjul på at det er skuffande – det seier seg sjølv, seier Warholm til smp.no.

– Slikt som skjer

Sjølv om Dimna-utøvaren gjerne skulle ha sett at han endeleg fekk knekt Douglas’ 16 år gamle rekord, legg han ikkje skulda på arrangørane.

– Det er ingen «hard feelings». Slike ting kan slå veldig negativt ut for dei som arrangerer slike meisterskap, og det synest eg er uheldig. Folk stod på som berre det for at dette skulle gå inn, seier ein sympatisk Warholm

– Dessverre så er det slikt som skjer. Det som er dumt er at det er to anlegg som er på, så det er ekstremt sjeldan at begge sviktar samtidig. Slik var det berre denne gongen, dessverre, legg 20-åringen til.

Han trøyster seg med at løpet var godt gjennomført, og at han fekk med seg to gullmedaljar frå årets NM – hans siste test for OL i Rio.

– Eg synest eg har gjort eit overraskande bra meisterskap i utgangspunktet. Eg klør meg litt i hovudet på 400 m hekk, eg følte at løpet gjekk raskare, men ein såg på 400 m i dag at farta er i beina. Så eg er ikkje bekymra, om eg er heilt ærleg. Det syner berre at eg er på plass, seier ein sjølvsikker Warholm.