Det var Christian Melle (25) frå Ørsta som vart funnen i Dalsfjorden i Sogn og Fjordane tidleg onsdag morgon.

- Det er ingen grunn til å tru at det ikkje er densakna, seier operasjonsleiar Einar Vereide i Sogn og Fjordane politidistrikttil smp.no klokka 12.30.

Søket i Dalsfjorden er dermed avslutta, og den omkomne er nobrakt på land.

- Han vart brakt på land cirka klokka 11, opplyserVereide.

Funnen i morgontimane

KNM «Tyr» har gjennomført søk i området i heile natt.

- Klokka 05.34 gjorde dei eit funn av ein omkomen person på 66 meter djupne, stadfesta operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt onsdag morgon.

Dei pårørandre til 25-åringen vart varsla om funnet ondag morgon.

Søket med mini-ubåt var avslutta for kvelden i 21.30-tida tysdag kveld, men KNM «Tyr» heldt altså fram med søk i området natt til onsdag. KNM «Tyr» er eit spesialfarty for djupe undervannsoperasjonar som blir nytta av Sjøforsvaret og den nasjonale ubåtredningsbereiskapen.

Dumperen låg djupare

Dumperen ørstingen var i då ulukka skjedde, vart funnen tysdag ettermiddag på 230 meters djupne. Det var då ikkje teikn til mannen inne i denne. Tidleg onsdag morgan vart det altså gjort funn av ein omkomen person i sjøen.

Les også: Har funne dumparen - men ingen mann

Det var klokka 18.45 måndag at ambulanse, redningsdykkarar og politiet rykte ut etter melding om eit arbeidsuhell ved Dalsfjordsambandet i Sogn og Fjordane.

Ingen vitne

Det er usikkert når ulukka skjedde, men dumperen hadde hamna i sjøen langs ein anleggsveg i området.

Ulukka skjedde i området aust for ferjekaia ved Eikenes i Askvoll, og det var kollegaer av mannen som melde frå om ulukka.

Det skal ikkje ha vore vitne til hendinga.