Ein mann i 80-åra er brakt til Ålesund sjukehus med ambulanse ei trafikkulykke i Valldal sentrum onsdag føremiddag. Han skal ikkje vere alvorleg skadd, men vart teken med til sjukehus for nærare undersøking etter å ha vore inne på legevakta.

Mannen køyrde ein elektrisk rullestol då han kolliderte med ein varebil. Kollisjonen skal ha skjedd i samband med at mannen skulle krysse vegen.

Det er ikkje mistanke om at føraren av varebilen har køyrt aktlaust, opplyser operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 10.15.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no