Hamnsundruta kan bli nedlagt frå 1. januar 2027.
Det kjem fram i sakspapira i dei dei fylkeskommunale møta som blir haldne over påske.
Ruta går i dag mellom Ålesund, Valderøya, Store Kalvøy og Hamnsund.
Dagens kontrakt på sambandet går ut 31. desember 2026.
Hamnsundruta vart sett i drift august 2022, etter Nordøyvegen vart opna og Nordøyruta vart lagt ned.
Hamnsundruta hadde 75 000 reisande i 2023 og trafikktala har vore stabile etter at ruta vart opna i 2022, blir det opplyst i saksframlegget.
Berekningar viser derimot at Hamnsundruta er sambandet med lågast passasjerbelegg, høgste driftskostnader og høgaste investeringskostnader per passasjer.
Å legge ned Hamnsundruta kan fylkeskommunen spare 20 millionar kroner på frå 2027 av, rekna ut frå 2023-prisar.