Dette seier leiar Terje Kjøde i Sunnmøre mållag som onsdag vitja nynorskklassen ved Åse skule.

Ved Åse skule går 13 elevar i klasse 1A som har nynorsk som opplæringsspråk.

– Forklaringa på at nynorskelevane er like flinke i både nynorsk bokmål når dei går ut av skulen, er at dei les så mykje bokmål elles attåt nynorsken at dei lærer seg begge språka. Elevar med bokmål som hovudspråk får diverre store vanskar med nynorsken, seier mållagsleiaren.

Sist det var nynorskklasse ved Åse skule, var i 2007.

– Vi er svært glade for at det vert oppretta ei nynorskklasse i Ålesund som denne på Åse, seier han som hadde med seg Solveig Linge Stakkestad som hadde med ei kasse gode eple frå Valldal, og Sissel Røsberg møtte for Borgund mållag.

Dei snakka med elevane om språk og dei song.

Songtime

– Vi song med dei og dei song til oss. Mellom anna så song elevane den første strofa av Mellom bakkar og berg.

Elevane fekk kvart sitt songhefte med kjende nynorske songar, og klassa fekk den staselege ABC-boka som diktar Olav H. Hauge og biletkunstnar Bodil Cappelen laga.

– For oss var det veldig kjekt å møte denne klassa, seier han og det var kjekt å møte elevane ved den andre skulen dei var innom denne dagen.

For etter vitjinga på Åse, var dei innom Larsgården skule der ei fjerdeklasse med 12 elevar har nynorsk som opplæringsspråk. Her overrekte dei eit klassesett av Norsk Barneblad. Meininga er å vitje den skulen ein gong til.

– Lærarane sett stor pris på at vi kom. Det sa dei og det såg vi på dei at dei gjorde, seier leiaren i Sunnmøre mållag.

Det må vere minst 10 elevar som vel eit anna språk enn hovudspråket ved skulen, for at det kan opprettast ei eiga klasse. Foreldra må krysse av for kva språk dei vil ha.

Spjelkavik har hatt nynorskklasse nokre år, og det er nynorsk i skulen på Blindheim, Emblem og Ellingsøy.