Facebookgruppa til Hjelpegruppe Ålesund og omland har vakse på rekordtid, og har nesten 7.000 medlemmar.

Pål Fivelstad er styremedlem i organisasjonen og håper at hjelpa kjem til dei som slit økonomisk, og ikkje til dei som berre vil spare ein hundrings eller to på ny smarttelefon.

Les også: Utrolig mange som trenger hjelp

Får merkelege meldingar

No ber dei folk vere meir audmjuke.

– Ikkje alle har fått med seg kva formål gruppa har, for vi har fått ein del merkelege meldingar. Det er ei hengemyr med mange gråsoner å skulle seie kva som er viktig, men det som vi i gruppa synest er viktig er at ein har mat, klede, sko, sengetøy, hygieneartiklar og liknande nødvendige ting. Treng du til dømes ein smarttelefon eller kan du klare deg med ein helt vanleg mobil? Må du ha ein flatskjerm-tv eller kan du klare deg med ein kasse-tv? Mange set høge krav til kva dei vil ha, og det vert ofte litt sur stemning på gruppa av dette, seier Fivelstad.

– Vi vil ikkje ha folk til å vere politi på gruppa eller mistenkeleggjere andre, men det er ikkje lett for oss å sjå kven som har det vanskeleg. Derfor ber vi om at folk berre ber om det dei treng, seier han.

Nøytral gruppe

Fivelstad legg vekt på at du får vere anonym og at hjelpegruppa er nøytral politisk og religiøst.

– Så lenge du er ærleg og oppriktig og treng hjelp vil vi at du skal kontakte oss. Du treng ikkje vere edru eller ta med likninga. Vi veit at mange av dei som treng hjelp har verken smarttelefon, eller internett, og håpar at dei sjølv kjem over terskelen og ringer til oss eller kjem på besøk. Ingen må kvi seg for å ta kontakt. Det er mange vi ikkje har nådd tak i, spesielt eldre. Vi kan ikkje vite kva folk trenger om dei ikkje seier ifrå, seier han.

Bakgrunn: Hjelper folk gjennom Facebook

Held fram hjelpearbeidet

Dei nye lokala i Keiser Wilhelmsgate 2 er allereie fylte med klede, sko og mat, og dei har fått mykje besøk sidan opninga.

– Ryktet spreier seg raskt. Vi har mest besøk av åleinemødrer, men også ein del flyktningar. No organiserer vi ein tombola. Vi har mange eldsjeler og donasjonar frå bedrifter og personar som gjer at vi kan halde fram med å hjelpe dei som trenger det, seier han.