Piloten frå Austlandet har saksøkt sunnmøringen og krev oppreisingserstatning etter påstått ærekrenking.

I Søre Sunnmøre tingrett kom det fram at saka har bakgrunn i eit opprivande samlivsbrot og ein konflikt som hadde vart i fleire år.

Krangla om kattar

Blant anna krangla mannen og kvinna om to kattar dei hadde saman. Etter kvart varsla den dyreglade mannen gjennom advokat at han kom til å ta ein av kattane. Han varsla også lensmannskontoret.

Kvinna varsla på si side slektningen på Sunnmøre, som no er saksøkt av flygaren.

– Då min klient fekk telefon om kattekidnapping og tjuveri av ein katt, var dette utløysande for at han ringde inn ei uromelding, forklarer advokat Jan Kristian Matei Arhaug, som representerer den saksøkte sunnmøringen.

På dette tidspunkt hadde sunnmøringen lenge følgt konflikten. No var han blitt uroleg for den psykiske helsa til piloten og meinte han utgjorde ein tryggleiksrisiko. Difor varsla han både Luftfartstilsynet og flyselskapet der piloten jobba. Ingen av dei fann nokon grunn til å suspendere flygaren.

Skade omdøme

Flygaren meiner sunnmøringen har sett fram ærekrenkande skuldingar, blant anna for å ha sett fram truslar.

Advokat Jon Wessel-Aas understreka i retten at ærekrenking ikkje inneber krav om straffbare forhold. Det kan også vere andre ting som er eigna til å skade omdøme eller tillit som ein er avhengig av i eit yrke.

– Saka blei lagt død av myndigheitene, og min klient er først og fremst ute etter ei beklaging eller dementi overfor desse myndigheitene, sa Aas i retten.

Piloten har tidlegare tilbode forlik, men dette blei avvist av den saksøkte. Ifølgje advokat Arhaug er dette heller ikkje aktuelt no.

– Min klient har eit heilt anna syn på motivet, seier Arhaug og legg til at klienten hans opplevde at kvinna var redd eks-sambuaren sin.