Ein mann i slutten av 70-åra køyrde i ettermiddag av vegen ved Gorgeneset i Selje kommune.

- Mannen var på veg heim frå butikken då han køyrde av vegen og vart ståande i grøfta, opplyser operasjonsleiar Trond Hatlenes i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet har ikkje noko meir informasjon om kvifor mannen køyrde av vegen, men førarkortet hans vart kverrsett.

Mannen vart deretter sendt til Nordfjord sjukehus for undersøking.