Dette er ein lågprisbutikk som har rundt 5.500 vareslag, og det var ein ivrig driftssjef Petter Ove Krogsæter i Coop Orkla Møre som greidde ut om alle vareslaga denne butikken har og korleis frukta er jamt nedkjølt døgnet rundt.

Coop Extra-kjeda aukar stadig, butikken på Skodje er nummer 178 og om to veker skal dei opne nummer 181 på Vestnes. Også Brattvåg har fått denne typen butikk, og neste år kjem ein på Vatneeidet.

– Butikken styrkjer sentrum i Skodje. Eit levande sentrum er viktig, for det har med trivsel å gjere. Med dette er det litt mindre behov for oss å reise til Moa, seier varaordførar Kari Grindvik, som opna butikken.

Driftsdirektør Arild Solberg i Coop Orkla Møre seier at dei på er stadig jakt etter tomt til butikkar på strekninga mellom Hessa og Magerholm.