– Vi er blitt kontakta av Stordal Vekst, med tanke på utleige av lokala. Vi har stilt oss velvillige til dette, seier Joakim Helland i Helland Møbler AS.

Det er studentbedrifta Lotics SB som saman med Vekst i Stordal no undersøker saka. Ideen går ut på å pumpe vatn frå eit settefiskanlegg over i store kar for dyrking av grønsaker. Dyrkingsmetoden kallast aquaponics.

Avfallsstoffa frå fisken inneheld næringsstoff som vil fungere som gjødsel for plantene.

– Vi undersøker no om det er mogeleg å få til dette i Stordal. Det er ikkje sikkert det blir plass både til fisk og grønsaker i Helland-bygget, seier Harald Espeland i Stordal Vekst.