Torsdag arrangerte kommunestyra i Ørsta og Volda fellesmøte i Ørsta kulturhus.

Her var Geir Vinsand invitert til å seie kva han meinte om avtalen. Han var begeistra:

– Eg har lese alle intensjonsavtalane som er så langt er laga. Og dette er ein av dei aller beste.

Han meiner intensjonsavtalen har ei klar verdiforankring, ein konkret visjon og tydelege mål.

– Avtalen dokumenterer likeverd. Ja, dette er reine ektepakta, meinte Vinsand – som kom med denne oppmodinga:

– Klin til, viss de trur at dette kan gå. Å slå saman Ørsta og Volda er ein kjempegod idé.

Han la også til at samanslåing med Stryn er ikkje så lurt:

– Pass dykk for Stryn. Stryn gjev ein komplisert fleirsenterkommune og kan vere oppskrifta på manglande fellesskap og splitting, hevda Vinsand.