– Dei gamle telefonlinjene vert ståande i mange år enno.

Dette seier adm. direktør Frode Siem i StayOn i Breivika. For to dagar sidan kunngjorde han overtaking av Ørskog breiband, og varsla meir vekst

Telenor vil ha fasttelefonen ut

Selskapet har 14.000 kundar i Møre og Romsdal, og av dei halvparten i Ålesund, Sula og Giske.

StayOn leverer internett gjennom dei gamle telefonlinjene av koparkabel.

Det er vist til at Telenor har som mål å fjerne dei gamle fasttelefonane som er kopla til koparnettet, og at teknologien er på veg ut.

– Spesielt

Men Frode Siem i StayOn, som Altibox eig, seier at sjølv om talet på fasttelefonar går ned, så vert dei gamle telefonlinjene ståande og dei er fullt brukande.

– Det er spesielt firma som satsar på fiberkabel som hevdar at internett over koparkabel er på veg ut, men det er ikkje tilfelle.

I Europa er halvparten av tele- og internettlinjene koparkabel og her i landet er det eit finmaska nett av telefonlinjer som vi kan bruke, seier Frode Siem.

Utvikling av koparnettet også

Han viser også til at det gamle telenettet er nedskrive og det vert stadig billegare å bruke det til datatrafikk.

I eit kronglete land som Norge skal det godt gjerast å få til å få ei like god mobildekning som det fasttelefonen har.

– Det skjer også ei teknologisk utvikling på koparnettet, seier han.