I helga låg eit symbol på den kjøpesterke trenden til kai i Ålesund. «Serene» er med sine 133 meter verdas tredje dyraste superyacht.

Også yachten «Skat» er på veg opp kysten, og er venta til Ålesund den 13. juli. Ola Hiis Bergh har lang fartstid innan båtturisme. Han var med på stiftinga av både Cruise Norway og Fjord Norway AS, og ein viktig bidragsytar for å få Norge på cruisekartet i si tid. No meiner Bergh at hamnene burde satse på luksusturistane.

– Førebels har Noreg rein luft, reine fjordar, og det kryr ikkje av menneske. Det urørte er ettertrakta for denne kundegruppa, som er lei av dei overfylte hamnene i Middelhavet og langs den franske kysten, seier Bergh, som trur Noreg har eit stort potensial for yachtturisme.

Lønsame turistar

På laurdag skreiv Sunnmørsposten om forsking frå professor Svein Larsen ved Universitetet i Bergen, som viser at cruiseturistane lagar lange køar, men ikkje legg att mykje pengar.

– Dei som kjem inn i dei norske fjordane med yacht, er flinke til å bruke dei lokale attraksjonane. Dei er interesserte i den lokale kulturen, og er villige til å bruke pengar på mat og opplevingar, seier han.

Liten innsatsvilje

Gjennom prosjektet Norway Superyacht Services vil Bergh få til eit samarbeid for å lokke yachtursitane til Vestlandet. Ålesund var meint som ein av destinasjonane, men Bergh møtte liten velvilje hjå hamnefut Birger Flem.

– Det stemmer at eg takka pent nei til tilbodet om å gå inn i eit slikt samarbeid, seier Flem. Han såg ikkje at det å innføre ein ny marknadsorganisasjon for ei så lita nisje ville vere lønsamt.

– Vi har ei godt fungerande avtale med Cruise Norway, som får store cruise inn til Ålesund, og derfor legg vi heller investeringsmidlane der. Ålesund har vore aksjeeigar i Cruise Norway i 20 år, men Flem seier det ikkje er frykta for at yachtane skal konkurrere med cruiseturismen som er grunnen til at dei ikkje vil ha ei slik ordning.

– Det handlar om å tene pengar. Og vi tenar meir på eit stort cruiseskip enn ein «liten» yacht viss det blir sett opp mot kvarandre, seier Flem.

God marknadsføring

Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund, seier det er vanskeleg å marknadsføre seg direkte til denne målgruppa av turistar, men ser at det er ein type turistar som legg ifrå seg godt med pengar.

– Det er nok den generelle marknadsføringa ein må basere seg på for å få yachtturistane til Ålesund. Eg reknar med at også dei les National Geographic, seier Vik, som refererer til kåringa der Ålesund hamna blant topp ti av dei vakraste småbåthamnene i Europa.