Regionsjef Inge Andre Utåker i Norled seier til smp.no at folks frustrasjon går ut over mannskapet på ferjene i sambandet Hareid - Sulesund.

- Mobbing av dekksfolk har auka merkbart dei siste dagene. Folk viser "gester" og skjeller ut mannskapet, seier Inge Andre Utåker.

- Tunge dagar

Det har vore mykje merksemd rundt regularitet og kapasitet på sambandet Hareid - Sulesund, spesielt etter at bilferja Ullensvang blei satt inn i sambandet.

Dette har gått utover mannskapet, meinar Utåker.

- Mannskapet har tunge kvardager. Folk klagar, og media fyrer opp under dette, seier Utåker.

Fryktar sjukmeldingar

Utåker fryktar fleire sjukmeldingar på grunn av det han kallar mobbing.

- Vi kan oppleve at avgangar blir innstilte fordi vi ikkje kan bemanne ferja. Mobbinga går på helsa laus, åtvarar han.

Feilvurdering

Søndag reagerte ein ambulansesjåfør på at reserveferja Høgsfjord ikkje tok med ambulansen til trass for at ferja var halvfull.

Utåker seier det vart gjort ei feilvurdering i det konkrete tilfellet. Samstundes trudde mannskapet at ambulansepersonellet aksepterte orsakinga.

- Det var difor eit sjokk å lese oppslaget på smp.no, seier regionsjefen.

Han minner om at Norled leverer innanfor anbodet og krava som er sett av Møre og Romsdal fylke.

I natt blei Ullensvang sett inn i sambandet att etter å ha vore ute av drift 12 dagar.