Det var eit fiberbrot i Eid som gjorde at store delar av Hornindal, Stryn og Eid har vore utan internett og telefondekning i dag.

Etter at det vart teke med ein kabel i gravearbeid, har 1650 husstandar vore utan breiband sidan klokka 11.05 i dag.

– Etter det eg kjenner til, er det berre Telenor sine kundar som vart berørt, seier informasjonssjef i Telenor, Per Arild Meling.

Kabelbrotet førte også til at 12 mobile basestasjonar kom ut av drift. Difor var mange av Telenor sine kundar utan mobildekning i same tidsrommet.

248 husstandar har også vore utan fasttelefon.

Retta opp

Feilen vart retta opp i 17.30-tida, og både internett og mobildekning skal være tilbake, opplyser Meling.