Politiet i Volda rykka ut til ein bustad i Volda sentrum fredag ettermiddag.

- Vi har fått melding om ein bombetrussel mot ein konkret person. Etter det vi har grunn til å tru dreier dette seg om eit internt oppgjer i eit kriminelt miljø. Vi har ingen haldepunkt for at trusselen er reell, men undersøkjer området for å vere på den sikre sida, seier operasjonsleder Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Politiet opplyser at dei næraste nabohusa er evakuerte.

Ingen funn

Klokka 17.35 seier politiet til smp.no at dei har søkt etter ein mistenkeleg gjenstand i området, utan resultat.

- Vi opprettheld sperringa rundt bustaden til etter det tidspunktet trusselen var sagt til å gjelde, seier Reite.

- Kva trussel er kome inn?

- Vi har fått tips via nokon som har høyrt om det dei oppfatta som ein konkret trussel mot ein person. Dette er ei kjent adresse for politiet.

Ingen pågripne

Reite opplyser at dei førebels ikkje har pågripe nokon for trusselen.

- Vi veit førebels ikkje kven trusselen kjem frå, berre kven den var mynta på, seier Reite.

- Stemmer det at det er snakk om fleire truslar?

- Ikkje det vi veit.

Politiet avslutta søket og fjerna sperringa rundt bustaden litt etter klokka 19.