Klokka 21.30, tysdag melde Sogn og Fjordane at søket med mini-ubåt var avslutta for kvelden, men at KNM "Tyr" ville halde fram med søk i området natt til onsdag. KNM "Tyr" er eit spesialfarty for djupe undervannsoperasjonar som blir nytta av Sjøforsvaret og den nasjonale ubåtredningsbereiskapen.

Onsdag vil to båtar ta del i undervassøk, melder politiet. I tillegg stiller Fjaler Røde Kors med tre personar og båt og skal gjennomføre eit strandsøk i området.

Det er planlagt å starte opp att klokka 09.30, onsdag.

Har funne dumperen

Bergingsmannskap fann tysdag ettermiddag dumparen som måndag rasa i fjorden under ei arbeidsulykke nært ferjekaia ved Eikenes i Askvoll.

- Dumparen vart lokalisert av ein mini-ubåt på 230 meters djupne klokka 14.15, tysdag, men det er ikkje teikn til mannen som er sakna, inne i denne. Det blir difor søkt vidare nært maskinen vidare utover dagen, sa operasjonsleiar Inge Værøy ved i Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no.

Truleg omkomen

25-årige Christian Melle frå Ørsta er sakna etter ulykka, og truleg omkomen.

Etter ulykka, måndag vart det først søkt ned til 120 meters djupne. Tysdag vart det så sett igang søk med ein mini-ubåt som gjorde ein i stand til å søkje ned til 300 meters djupne.

Det har óg vore gjort eit overflatesøk i dagslys, utan resultat.

Følg smp.no på Facebook

Kollegaer melde frå

Ambulanse, redningsdykkarar og politiet rykte ut klokka 18.45 måndag etter melding om eit arbeidsuhell ved Dalsfjordsambandet i Sogn og Fjordane.

Det er usikkert når ulukka skjedde, men dumperen hadde hamna i sjøen langs ein anleggsveg i området.

Ulukka skjedde i området aust for ferjekaia ved Eikenes i Askvoll, og det var kollegaer av mannen som melde frå om ulukka.

Dumperen var under arbeid med steinmasse då ulukka skjedde, men det skal ikkje ha vore vitne til hendinga.